Grasrotandel til Nordhordland seilforening

Alle som spelar registrert på Norsk Tipping sine 
spel har mulighet til å dedikera 5 prosent av innsatsen til ein lokal frivillig organisasjon, som for eksempel eit idrettslag.
Dette er ei kjærkomen inntektskjelde for NHS.
Har du huska å gi Grasrotandelen til Nordhordland seilforening?
Skriv kommentar..

Innkalling til årsmøte 29.januar 2019 kl. 19.00 i Fjordsailing sine lokaler på Litlebergen

Medlemane i Nordhordland seilforening vert med dette kalla inn til årsmøte tirsdag 29.januar 2019 kl. 19.00 i Fjordsailing sine lokaler på Litlebergen.

Sakliste:
  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden.
  2. Val av ordstyrar, referent, 2 stemmeteljarar, samt 2 til å underteikna protokoll.
  3. Behandla årsmelding for 2018
  4. Behandla rekneskap for 2018 i revidert stand.
  5. Fordeling av overskot.
  6. Medlemskontingent for 2019
  7. Behandla innkomne saker.
  8. Budsjett for 2019
  9. Val:
Leiar og nestleiar
4 styremedlemar og 2 varamedlemar
2 revisorar
Representant til ting og møter i dei organisasjonar laget er tilslutta.
Valkomité med leiar og 2 medlemar og 1 varamedlem for neste årsmøte

 
Saker som ein ønskjer skal verta tatt opp på årsmøtet må vera styret i hende innan 14.januar 2019.

Styret

Skriv kommentar..

God Jul og Godt Nyttår !

 Styret ønskjer alle medlemmar ei riktig God Jul og eit Godt Nyttår !



Skriv kommentar..

OBS OBS NY DATO. Medlemsmøte 7.november 2018 kl. 19:00 hos FjordSailing, Litlebergen

Me får besøk av Redningsselskapet som vil snakka om sikkerhet og sjømannskap.
Møtet varer fram til kl. 21.00.

Styret legg vidare opp til medlemsmøter 19.februar og 19.mars neste år.
Årsmøte vert 29.januar 2019. Set av datoane.


Skriv kommentar..

Høststormseilasen 15. og 16.september

Nordhordland seilforening inviterer til den tradisjonelle HØSTSTORMSEILASEN, 15-16.september! 
Påmelding og informasjon: https://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=3121
Her kan alle NHS-båtane vera med. Eigen turklasse for båtar utan Norrating-målebrev.

Skriv kommentar..
Syndiker innhold