NHS Vårregatta 10.mai 2020

Det var meldt mykje vind på Mangersfjorden 10.mai, så det vart ikkje så mange deltakarar i årets Vårregatta.
Meldingane gjekk ut på 9 - 12 m/s frå N/NV. 3 båtar stillte opp: Kilroy, Anchrissi og X-faktor.
Starten gjekk kl. 14 i Bognestraumen.


Løp nr. 2 skulle seglast. Dette var frå start ut rundt bøye ved Trettholmen (sørspissen av Flona) deretter inn igjen i Bognestraumen og vidare til mål i Mangersvågen.
Det vart tøfft på kryssen nordover. Vindmålaren var oppe i 15 m/s. Det var mykje vindkast då vinden kom over land.
Alle 3 båtane greidde seg bra med 2 rev i storseglet. 2 av båtane med hardsværsfokk og ein med sjølvslåande fokk.
Ingen spinnakerar kom opp i dag. Det var nok lurt.
Kilroy runda merket ved Trettholmen først, deretter X-faktor og Anchrissi. Denne rekkjefølgja held seg til mål i Mangersvågen.
Overettmerket som markerte mållinja i Mangersvågen hadde blåst ned. Det stod på plass søndag føremiddag. Synd.
Resultatlista finn du her.