Treningsseglasane er i gang

Tirsdag 5.mai vart første seglas i serien segla under fine forhold. Sol og ein liten bris på 3 - 4 m/s frå SV/V.
5 båtar segla på tid: Tjorven, Hanseaten, Sheeba II, Mathilda og X-faktor. Vito segla utan å registrera tid.
Med denne vindretningen var det løp 3 - Byfjorden - som vart segla. Start ved Nordhordlandsbrua og vending på posisjon 60.28.00 i Byfjorden. Det vart kryss og eit par slag inn til denne posisjonen. På tilbaketuren var det spinnakerføre og dei fleste hadde spinnaker oppe på dette legget. Her er resultatlista for første seglas.

Sheeba II på veg mot mål.