Godt frammøte på medlemsmøte onsdag 21/10

Heile 24 medlemar møtte fram på medlemsmøte på onsdag, og det var gledeleg å sjå at 5 av desse var kvinner.
Møtet vart halde i FjordSailing Yachts sine flotte lokaler på Litlebergen.
Etter at Tore Mjåtvedt hadde ønskt velkomen kunne programmet starta.
Mette og Kåre Skjelanger fortalde og viste bilete frå sin "Kort/langtur" til Danmark i sommar. Turen var i regi av Bavariaklubben i Hordaland. Flott og lærerik tur for Mette og Kåre, som dei frammøtte fekk ei flott skildring av. Det vert nok fleire korte langturar for Bavariaen frå Skjelanger.
Deretter hadde Tore Mjåtvedt oppsummering av seglkursa for turseglarar som NHS har hatt denne sesongen.
Harald Matland, med god hjelp frå Jan-Vidar Nordstrand, fortalde om Shetland Race. Kva krav vert stilt til båt og mannskap for å vera med? Her vart det også vist bilete.
Etter litt spørsmål og diskusjonar runda Tore Mjåtvedt av i 21-tida.
Me gler oss til like godt frammøte og engasjement også på neste medlemsmøte i november.