Resultatliste Vårregatta 2010
Vårregattaen vart arrangert søndag 30.mai. Litt klabb og babb med startprosedyren som etter kvart vart utsett til kl. 13.30. Då kom den meldte nordavinden. Frå start ved Tjuvholmen kryssa vi nordover til Sæbøflua. Ved Sæbøflua var det bra vind: 5 - 6 m/s. Cermedez runda først, tett følgd av X-faktor. Deretter var det spinnakerseglas sørover mot Ospholmflua. Ved Tjuvholmen vart det vindstille og Cermedez, Julianne, Calypsoen og Malene vart liggjande. X-faktor som då var først i feltet hadde vind i spinnakeren heile vegen til mål i Isdalstø. Etterkvart braut Cermedez, Marlene og Thea II, men vinden kom igjen og Julianne og Calypsoen kom i mål i god fart. Her er resultatlista: Resultatliste
Her er nokre bilder som Morten tok + eitt som vart tatt ombord i Julianne. Dersom nokon fleire tok bilder send dei gjerne til meg så skal eg få lagt dei ut.
Ombord i Julianne
Her er nokre bilder som Morten tok + eitt som vart tatt ombord i Julianne. Dersom nokon fleire tok bilder send dei gjerne til meg så skal eg få lagt dei ut.