NHS båtar i RAN sin Sommarregatta 5.juni

Ran arrangerte sommarregatta 5.juni med 29 påmeldte båtar. Regattaen er med i Hordacupen. NHS stillte med 3 båtar, ein i kvar klasse, og alle var på premieplass! Dette var Julianne med skippar Bjørn Rundhovde med 3.plass i Express-klassen. FS2 med skippar Jan Vidar Nordstrand med 4.plass i Lys-klasse 1,25 og over. X-faktor med skippar Harald Matland med 4.plass i Lys-klasse t.o.m. 1,24. Sjå resultat og bilder på RAN seilforening si heimeside her
Skriv kommentar..

Statistikk klubbserien 1989 - 2009

Bjørn Rundhovde har laga statistikk over kven som har vore med i NHS sin klubbserie frå 1989 til 2009. Her er namn på båtar og skipparar samt plassering i klubbserien. Statistikken finn du her.
Skriv kommentar..

Shetland Race 2010

Det nærmar seg Shetland Race 2010. Starten går i år 16.juni. Det er no påmeldt 35 båtar. Av desse er 5 frå Nordhordland seilforening. Frå Bergens seilforening er det påmeldt 6 båtar og frå Askøy SF 5 båtar. Elles er det påmeldt båtar frå heile kysten frå Kristiansund til Oslo, samt båtar frå Storbritannia og Russland. Båtane vert spora med eit satelittbasert system så du kan følgja med undervegs. Nærare opplysningar om tilgang tiil sporinga vil du finna her: http://shetland-race.no/ eller på Telenor Maritim si side her: http://www.maritimradio.no/?pid=163
Skriv kommentar..

Resultatliste Vårregatta 2010

Vårregattaen vart arrangert søndag 30.mai. Litt klabb og babb med startprosedyren som etter kvart vart utsett til kl. 13.30. Då kom den meldte nordavinden. Frå start ved Tjuvholmen kryssa vi nordover til Sæbøflua. Ved Sæbøflua var det bra vind: 5 - 6 m/s. Cermedez runda først, tett følgd av X-faktor. Deretter var det spinnakerseglas sørover mot Ospholmflua. Ved Tjuvholmen vart det vindstille og Cermedez, Julianne, Calypsoen og Malene vart liggjande. X-faktor som då var først i feltet hadde vind i spinnakeren heile vegen til mål i Isdalstø.  Etterkvart braut Cermedez, Marlene og Thea II, men vinden kom igjen og Julianne og Calypsoen kom i mål i god fart. Her er resultatlista: Resultatliste 
Skriv kommentar..

Regattakurs for nybegynnarar/Vårregattaen

Kurset vart halde onsdag 26.mai og det var heile 13 deltakarar på kurset.
Kjell Magnus Økland hadde eit interessant og lærerikt føredrag. Deltakarane 
var engasjerte og stillte spørsmål undervegs. Det vert nok nokon nye båtar på fjorden for å segla regatta.
Vårregattaen søndag 30.mai er ein god anledning til å prøva ut kunnskapane. Kom igjen og ver med!!
Skriv kommentar..

Regattakurs for nybegynnarar

Nordhordland seilforening arrangerer kurs "Regattasegling for nybegynnarar".
Kurset er ei teoretisk innføring i:
- dei enklaste reglane
- seglingsbestemmelsar
- startprosedyre
- vikepliktsreglar m.m.
Kurset vert halde onsdag 26.mai kl. 19.30 - 21.30 i Mølla på Litlebergen. Kursleiar vert Kjell Magnus Økland
som er ein erfaren regattaseglar. Kurset er gratis.
Påmelding til leder@nordhordlandseilforening.org eller på tlf. 90121617 / 93232449

Skriv kommentar..
Syndiker innhold