Høststormseilasen 2010

Nordhordland Seilforening ønsker igjen velkommen til Høststormseilasen. Nytt i år er at regattaen går fra Herdla til Skjerjehamn på lørdag, og fra Skjerjehamn og tilbake til Herdla på søndag. Runding Kyrkjeflua er tatt bort. Første merke er Mikkelboen. Videre går løpet rundt Vikingsneset og nordover Mjømnasundet og til mål ved Skjerjehamn. Returen vil følge samme løype.

Les mer...

Skriv kommentar..

Resultatliste Mangersfjorden rundt 2010 og nokre bilder frå samlinga.

Mangersfjorden rundt vart segla søndag 15.august under flotte forhold. Lite vind akkurat når starten gjekk, men den tok seg opp. Ved Kvernane var vinden oppe i 7 m/s. 5 båtar deltok. Her er resultatlista.

Her er nokre bilder. Harald T. tok mange bilder under sjølve regattaen, men desse har forsvunne i ein datakrasj!!
Skriv kommentar..

Sosial samling på Manger og Mangersfjorden rundt

Lørdag 14. og søndag 15.august samlast me på Manger for sosialt samvær, grilling og regatta på søndag.

Skriv kommentar..

Flott innsats av NHS båtane i Shetland Race 2010

5 båtar frå NHS stillte til start i årets Shetland Race: Cermedez, Amante, FS2, Paradis og X-faktor. Siste del av seglasen bort til Shetland vart tøff med kuling rett imot. Tilbaketuren vart ein tålmodoghetsprøve med lite vind. Mange braut og gjekk for motor mot Marstein Fyr. Alle dei 5 NHS båtane fullførte med stil. Amante vant overall etappen Lerwick - Bergen framfor Rolf Hermansen si Hanna Marie. Paradis vant doublehandedklassen med seier i klassen på begge etappane. Alle NHS båtane vart premierte.  Cermedez med 2.plass i klassen på returen. FS2 med 4. plass i klassen på returen og X-faktor med 3.plass i klassen på turen til Shetland og 2.plass i klassen på returen. Sjå artikkel i Strilen og meir på Shetland-Race si heimeside og på X-faktor bloggen.
Skriv kommentar..

Champagneracet 2010

Champagneracet vart avvikla 12.juni 2010 i god vind - godt over 10 m/s.
Her er resultatlista. Her er bilder.
Skriv kommentar..

NHS båtar i RAN sin Sommarregatta 5.juni

Ran arrangerte sommarregatta 5.juni med 29 påmeldte båtar. Regattaen er med i Hordacupen. NHS stillte med 3 båtar, ein i kvar klasse, og alle var på premieplass! Dette var Julianne med skippar Bjørn Rundhovde med 3.plass i Express-klassen. FS2 med skippar Jan Vidar Nordstrand med 4.plass i Lys-klasse 1,25 og over. X-faktor med skippar Harald Matland med 4.plass i Lys-klasse t.o.m. 1,24. Sjå resultat og bilder på RAN seilforening si heimeside her
Skriv kommentar..
Syndiker innhold