NHS Vårregatta 10.mai 2020

Det var meldt mykje vind på Mangersfjorden 10.mai, så det vart ikkje så mange deltakarar i årets Vårregatta.
Meldingane gjekk ut på 9 - 12 m/s frå N/NV. 3 båtar stillte opp: Kilroy, Anchrissi og X-faktor.
Starten gjekk kl. 14 i Bognestraumen.


Løp nr. 2 skulle seglast. Dette var frå start ut rundt bøye ved Trettholmen (sørspissen av Flona) deretter inn igjen i Bognestraumen og vidare til mål i Mangersvågen.
Det vart tøfft på kryssen nordover. Vindmålaren var oppe i 15 m/s. Det var mykje vindkast då vinden kom over land.
Alle 3 båtane greidde seg bra med 2 rev i storseglet. 2 av båtane med hardsværsfokk og ein med sjølvslåande fokk.
Ingen spinnakerar kom opp i dag. Det var nok lurt.
Kilroy runda merket ved Trettholmen først, deretter X-faktor og Anchrissi. Denne rekkjefølgja held seg til mål i Mangersvågen.
Skriv kommentar..

Treningsseglasane er i gang

Tirsdag 5.mai vart første seglas i serien segla under fine forhold. Sol og ein liten bris på 3 - 4 m/s frå SV/V.
5 båtar segla på tid: Tjorven, Hanseaten, Sheeba II, Mathilda og X-faktor. Vito segla utan å registrera tid.
Med denne vindretningen var det løp 3 - Byfjorden - som vart segla. Start ved Nordhordlandsbrua og vending på posisjon 60.28.00 i Byfjorden. Det vart kryss og eit par slag inn til denne posisjonen. På tilbaketuren var det spinnakerføre og dei fleste hadde spinnaker oppe på dette legget. Her er resultatlista for første seglas.

Sheeba II på veg mot mål.

Skriv kommentar..

TRENINGSSEILASER 2020

 Den 5. Mai starter NHS med treningsseilaser. Det betyr at disse vil gå hver tirsdag i første omgang frem til midtsommers. Vi tar sikte på å seile i 2 klasser. Den ene klassen med registrert tid. Den andre uten å ta tiden. Begge klassene registrerer deltagelse hver gang de deltar og hver deltagelse blir et lodd i hatten. Etter sesongen trekkes det premier. Oversikt over deltagelse vil ligge på en egen resultatside på regattasidene til NHS. Seilasen er underlagt de  til enhver tids gjeldende smittevernregler. For nærmere info les seilingsbestemmelsene. Men viktigst av alt kom ut på fjorden og seil.
Skriv kommentar..

Medlemskveld 18.03.2020 er AVLYST

Medlemskveld 18.03 er avlyst!
Grunnet siste tids hendelser avlyser vi samlingen.
Skriv kommentar..

Første styremøte for det nye styret 18.02.2020

I går kveld hadde det nye styret sitt første styremøte.
Styret konstituerte seg slik:

Frode Nygaard Knutsen - Formann
Bjørn Rundhovde     - Nestleder og kasserer
Harald Matland        - Sekretær og webansvalig
Stian Flataker          - Tur- og familieseiling
Jan Gunnar Korsøen - Regattasjef
Torhild Skage Syslak - Skitnedalsvika/strandrydding


Skriv kommentar..

Inkalling til årsmøte i Nordhordland seilforening onsdag 22.januar 2020 kl. 19.00 i Fjordsailing sine lokale på Litlebergen.

Medlemane i Nordhordland seilforening vert med dette kalla inn til årsmøte onsdag 22.januar 2020 kl. 19.00 i Fjordsailing sine lokaler på Litlebergen.

Sakliste:
  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden.
  2. Val av ordstyrar, referent, 2 stemmeteljarar, samt 2 til å underteikna protokoll.
  3. Behandla årsmelding for 2019
  4. Behandla rekneskap for 2019 i revidert stand.
  5. Fordeling av overskot.
  6. Medlemskontingent for 2020
  7. Behandla innkomne saker.
  8. Budsjett for 2020
  9. Val:
Leiar og nestleiar
4 styremedlemar og 2 varamedlemar
2 medlemar til kontrollutvalet og 1 varamedlem til kontrollutvalet.
Skriv kommentar..
Syndiker innhold