Seilmakeren doublehanded 2007

 

Etter å ha segla Askøy rundt doublehanded 2 gonger med bra resultat, bestemte Eivind Tysse og eg at vi måtte prøva oss på større oppgåver: Doublehandedseglas Askøy- Stavanger-retur. I år var Seilmaker Iversen sponsor for regattaen og den fekk då namnet Seilmakeren doublehanded. Eivind og eg er fetterar og han har også vore mannskap med meg til Shetland 2 gonger. Eivind er litt av ein soloseglar og har segla til Helgoland og til Shetland fleire gonger åleine. Eivind har ein Maxi Mixer CR 35 med namnet MIXER, og vi skulle bruka hans båt på regattaen.

 

Mixer under pitstop i Stavanger torsdag kveld

 

Eivind bur i Norheimsund og er medlem av Hardanger seglklubb som vi då starta for. Etter å ha fått båten i samsvar med sikkerhetskategori 3, trent og laga til blokker og liner slik vi ville ha det, var første prosjekt å få båten til Askøy. Dette er ein distanse på bortimot 80 n.mil. Vi starta om formiddagen tirsdag 22.mai frå Norheimsund og var framme på Askøy seilsportsenter kl. 23.30. Starten skulle gå kl. 13.00 onsdag 23.mai. Her var det registrering og vi fekk om bord ein trackingboks slik at interesserte kunne følgja med på nettet kor vi var, kva retning og fart vi hadde. Værmeldinga gjekk ut på SV liten kuling og regn. Skulle minka onsdag kveld og ein periode dreia meir på vest.

 

Gleden, Ille moro og Mixer før start.

 

Starten gjekk presis og 20 båtar la i veg mot Stavanger. Løypeval er fritt. Alle må gå under Sotrabrua, men etter det er det fritt val. Det var sterk motstraum sørover mot Korsfjorden og vinden auka stadig på. Det same gjorde regnet.

 

Godt med skibriller når regnet piskar

 

Vi, og dei fleste andre, gjekk Kobbeleia. Vi måtte byta frå Genoa 1 til kryssfokk, men farten minka ikkje særleg av den grunn. Vi valde å gå gjennom Austevoll. Her er det trangt og det vart mange slag. Dette er hard jobbing og på dette tidspunktet hadde vi ikkje problemer med å halda varmen. Vi ville gå sørover Nyleia og valde å gå via Bekkjarvik. I ettertid såg vi nok at det ville vera smartare å gå unden Stolmen bru.

Etter eit par slag på Selbjørnsfjorden kom vi inn i Nyleia og der roa vinden seg og det vart opplett. No var vindretninga slik at vi kunne segla rett nedover Nyleia. Vi mått ta eit slag for å koma under Bømlabrua. No hadde mørket kome på oss og det tok til å regna igjen – mykje. Vinden hadde også tatt seg opp igjen. Bømlafjorden er lang, men vindretninga var no slik at vi greidde oss med 4 – 5 slag før vi var ute på Sletta. Då hadde det igjen vorte lyst. Vi valde då å gå ut sør for Røvær og vestom Karmøy. Dette gjekk bra lenge og vi hadde fin vind, men vest for Ferkingstad vart det vindstille og vi låg og rak nokre timar. Vi fekk kvila oss og venta på vind. Litt ut på ettermiddagen kom vinden igjen, også no frå SV. Vi hadde no litt finnavigering inn mellom holmar og skjer nordaust for Kvitsøy, og vi held fram mot Randaberg i god fart. Byfjorden i Stavanger er lang og vinden vart svakare og svakare. Mållinja var heilt inne ved Grasholmen og siste timane før målpassering hadde vi 1 m/s rett mot og vi kryssa oss sakte men sikkert inn til målpassering kl. 19.26.27. Vi hadde brukt 30 timar og 26 min til Stavanger og på korrigert tid var vi 3. siste båt, men vi var ved godt mot.

 

No var det pitstop i 3 timar før vi starta på turen nordover igjen. Vi la til i Stavanger seilforening si hamn og fekk servert varm lapskaus, brød, saft og kaffi i klubbhuset. Her fekk vi også tørka klær og sko. Etter maten var det tid for køya. Vi skulle starta igjen 22. 26.27 og held på å forsova oss, men kom oss over startstreken eitt minutt etter tida. No var det betre vind inne i hamneområdet og vi sette spinnakeren med ein gong. Det gjekk fint utover Byfjorden og vi segla for babord halser med spinnaker heilt fram til kl. 00.30. Då hadde vi runda Kvitsøy og vindvinkelen var så skarp at vi fant ut det var best å få ned spinnakeren. Vinden var no 9 m/s. Dette gjekk greitt og vi sette kursen mot Karmsundet. Vi kunne no ha kvar si frivakt og få kvilt oss litt igjen. Vi hadde medstraum nordover Karmsundet men vinden minka ut over natta og det vart etterkvart tett skodde. Det er ein god del båttrafikk i Karmsunder om natta, men vi kom oss greitt fram til Haugesund i firetida. Då letta også skodda, og vinden tok seg opp igjen. Vi gjorde bra fart over Sletta og vi valde deretter å segla ut mellom Espevær og Bømlo. Ved Espevær lysna det i vest og sola kom etter kvart fram. Det gjorde godt i kalde skrottar.

Vinden var no rundt 5 m/s frå SV og det gjekk raskt nordover.

 

 

 

 Ved Slotterøy gjekk vi inn og fortsette inn Stolmasundet der vi sette spinnaker og segla gjennom heile Austevoll og over Korsfjorden fram til Lerøyosen før vindvinkelen vart slik at vi måtte berga den.

 

Ein av konkurrentane våre, Don Quijote, hadde vald å gå inn ved Marsteinen og leda med ca 1 nm på oss når vi møttest ved søraustspissen av Sund. Dei tok kurs mot Kobbeleia og vi såg at det vart lite vind der framme. Vi valde derfor å ta kurs mot Fleslandsskjeret og kunne igjen setja spinnaker. Framme ved Fleslandsskjeret måtte vi igjen berga spinnaker og få opp igjen genoaen. Vi hadde no bra vind og god medstraum. Gjennom Vatlestraumen hadde vi 8,5 knop på GPS’en og når vi igjen såg Don Quijote, leda vi med bortimot 1 nm.

No var det strake vegen mot Askøy og målpassering. Vi gjekk i mål kl. 16.12. Vi hadde brukt 17 timar og 46 min på turen nordover. På korrigert tid var dette den 3. beste tida av alle båtane. Vi var fornøyde. Totalt sett vart det 5. plass i vår klasse. 8.plass overall.

Turen nordover gjekk veldig greitt. Vi segla for babord halser heile vegen, ikkje eitt slag og ikkje ein jibb!!  Vi hadde slått nok på veg sørover.

Vel framme på Askøy seilsportsenter fekk vi servert varm lapskaus og god drikke til. Deretter var det premieutdeling og grillfest.

Det var ein utruleg opplevelse og vi følte oss ikkje eingong trøytte etter å ha passert mål. Eg vart henta på Askøy, medan Eivind, etter å ha køya tidleg, våkna kl. 03.00, kasta fortøyningane og sette kursen mot Norheimsund. Han var framme i Norheimsund kl. 15.00 laurdag.

At det hadde regna mykje, og at vi fraus litt, vert fort gløymd og vi synes begge at dette var ei stor oppleving.

 

 

Harald

Co skippar på Mixer NOR 7541