Om Nordhordland Seilforening

Nordhordland seilforening (NHS) vart stifta 7.desember 1987.
NHS er tilslutta Norges Idrettsforbund gjennom Hordaland idrettskrets.
Formålet i foreninga er å driva seglsport og å fremja segling som friluftsaktivitet i regionen.
Vi har idag medlemar i kommunane Meland, Lindås, Radøy, Austrheim og Osterøy, men ein del av medlemane bur også i Bergen kommune.
Vi har no 102 medlemar, og det er 35 båtar i foreninga. Nordhordland seilforening har også 4 optimistjollar. Desse har vi på Litlebergen der vi leiger naustplass og møtelokale hos Litlebergen båtforening.
Her er litt info som vert sendt ut til medlemane våren 2009:
 
Vi er komne i midten av april og seglsesongen nærmar seg.
 
NHS hadde årsmøte 28.januar utan at så mange av medlemane møtte opp. Ikkje så store endringar i styret i år heller. Stian Flataker overtek som kasserar etter Svein Thorsheim, elles er styret det same som i fjor.
Styret hadde sitt første møte i år den 16.03 der vi mellom anna sette opp terminliste for 2009:
 
Jomfruturen            10.mai
Vårregatta              21.mai (Kristi himmelfartsdag)
Champagnereset      9.august
Mangersfjorden rundt – med sosial samling 22. og 23.august 
Under 3 broer           6.september
Høststormaeilase      19. og 20.september
 
NHS arrangerer eit førstehjelpskurs den 24. og 29. mars. Her er det påmeldt 13 deltakarar. Kurset vert arrangert i samband med innføring av krav om førstehjelpskurs for offshore-seglas i Kategori 2 og Norges seilforbund oppfordra alle seglforeningar til å arrangere dette kurset. Det er viktig med god kunnskap om førstehjelp, også for alle som seglar utanfor Kategori 2, og NSF oppfordra derfor alle som seglar til å ta del i kurset.
NHS er først ute med dette kurset i Bergensregionen. Askøy SF arrangerer kurset 14. og 26.april.
 
I 2008 inngjekk vi leigeavtale med Litlebergen båtforening om leige av eit naust til dei 4 optomistjollane våre samt rett til bruk av møtelokale. I mai og juni, kanskje også i august, vil vi arrangera kurs for barn i alderen 8 – 12 år slik at dei kan få læra å segla optimistjolle. Kursa vert haldne på Litlebergen. Jolleansvarleg er Bjørn Flataker.
 
Siste 2 åra har det vorte betre oppslutning om regattane våre. Håper at framgangen fortset også i 2009. Gå gjerne inn på www.seiling.org . Der finn du informasjon om målebrev til LYS-systemet. Vi har eigen målar i NHS. Det er Magne Iversen.  
 
Både i 2007 og 2008 var NHS den seglforeninga som hadde med flest båtar (5) i Shetland Race. For 2009 er det allereie påmeldt 2 båtar frå NHS og det er plass til fleire. Til styrkeprøven ”Seilmakeren doublehanded” som startar 27.mai er det påmeldt i alt 118 båtar. 3 av desse er frå NHS. Det er Osterøy-båtane Cermedez, Frøken Smilla og Paradis. Underteikna er mannskap på ”Mixer” som stiller for Hardanger seglklubb.
 
I fjor fekk vi nye NHS-vimplar. Det må vera obligatorisk at NHS båtane har vimpelen under salingshornet. Prisen på vimpelen er kr. 200,-. Ta kontakt.
 
Vi jobbar med å laga ny heimeside for NHS. Den skal vera lettare å administrera og fleire skal kunna leggja inn nyheter, artiklar og bilete. Slik eg forstår det vil også medlemane kunna logga seg inn og vedlikehalda eigne data. Dette kjem vi tilbake til.
 
Det hender eg får informasjon frå Hordaland seilkrets, Norges seilforbund m.fl. som skal vidaresendast til medlemane som har e-postadresse. Eg treng fleire e-postadresser. Når vi no sender ut informasjon pr. post ber eg om at dei som har e-postadresse, og som ikkje mottar info frå meg,  sender adressa til meg på leder@nordhordlandseilforening.org
 
Send gjerne melding til medlemsregister@nordhordlandseilforening.org slik at vi får oppdatert båtregisteret vårt dersom du har skifta båt. 
 
På vegne av styret i NHS vil eg vil ønskja alle ein god seglsesong!
 
 
Med helsing                           
Nordhordland seilforening            
Harald Matland
Leiar