Info frå styret

 I går kveld, 5.mars, hadde me første styremøte etter årsmøtet i slutten av januar.
Styret konstiuerte seg slik:
• Leiar: Harald Matland
• Nestleiar og Kasserer: Bjørn Rundhovde
• Turseiling: Kåre Skjellanger 
• Regattasjef: Frode Nygaard Knutsen
• Styremedlem og kontaktperson strandrydding: Ingvar Leksen
• Sekretær – Marion Romslo
Datoar for årets klubbserie er:
 
• Vårregatta 12.mai
• Rormannen singlehanded søndag 9.juni
• Sommerregattaer 24. -25.aug.
• Høststormseilasen 14.-15.sept.
Vårregattaen vil verta segla på Mangersfjorden med start i Bognestraumen.
Høststormseilasen vert også i år segla til Fedje.
Set av datoane!

På medlemsmøtet 19.mars vert temaene:
Oppfølging av tema - mål om å segla Seilmakeren doublehanded
Sikkerhetsutstyr ved regattasegling og Seilmakeren doublehanded spesielt.
Kåre Skjelanger vil presentera opplegget for årets tirsdagstreningar
Info om heimesida. Innlogging.

I år har me mål om å arrangera "Seil ut".  Dette har vorte populært i mange seglforeningar, og er omtala fleire gonger i Seilmagasinet. Florø seilforening har eit opplegg som me kan ha som mal når me skal laga vårt opplegg. Spennande!