Pantaenius Shetland Race 2018

Fantastisk gode resultat for NHS båtane i Pantaenius Shetland Race.

Frå Nordhordland seilforening stilte X-fram med Jan-Åge Langeland som skippar, Kilroy med Kjell Hansen som skippar, FS2 med Jan Vidar Nordstrand som skippar og Amante med Terje Sætre som skippar. Amante segla i doblehanded-klassen. Dei andre med fullt mannskap.
Seglasen starta onsdag morgon kl. 10 ved Marsteinen. På første etappe frå Marsteinen til Lerwick hadde Amante best til av alle, og vart premiert som Over-all vinnar! I tillegg vann Amante då også DH-klassen. Kilroy fekk 3.plass i sin klasse og vart premiert.
På returen som starta laurdag kl. 17 norsk tid var X-fram første båt i mål etter å ha segla i 26 timar 24 minutt og 35 sekund. Dette gav også seier i største klasse.
Amante vann også DH-klassen på returen.Om ikkje dette var nok, så vart det klasseseier til Kilroy. Kilroy vart også nr. 2 over-all på returen.
Arne Lundøy og Harald Matland frå NHS fekk merke for å ha deltatt i Shetland Race for 15.gong.
Me gratulerer !!

Resultatliste m.m. finn du her.
Bilde under:  Premieutdeling i Lerwick til Kilroy-mannskapet.