Rormannen singlehanded Regatta 2018

 

Laurdag 16.juni var det igjen klart for Rormannen singlehanded regatta. 3 båtar stillte til start: Jenny (Bavaria 40 cr), Tjorven (Bavaria 41) og X-faktor (X-332). Litt skuffande at ikkje fleire vart med. 
Det vart løp for sørleg vind ut frå yr si værmelding for Nordra Flesa kl. 12-18, 7 m/s. Dette betyr start ved Frekhaug kai, sør til posisjon N 60. 29 i Byfjorden, nordover Herdlefjorden, gjennom Skjelangersundet, rundt Nordre Marholmen heilt nord i Øygarden, vidare til Bognestraumen. Der var løpet avkorta i dag. Lite vind og sterk motstraum gjorde det umogeleg å segla gjennom Bognestraumen.
Starten gjekk kl. 11 i vind frå sør, 6 - 8 m/s. Etter eit par slag passerte me den oppgitte posisjonen og kunne setja kursen nordover Herdlefjorden. Herdlefjorden er vanskeleg å segla i sørleg vind. Vindet varierer mykje i både styrke og retning. X-faktor prøvde med spinnaker etter Askeneset, men gav fort opp. Me hadde god fart nordover. Litt rolegare vind i Det naue og vidare mot Skjelanger.
No bar det ut i Hjeltefjorden. Her auka vinden og var på det meste oppe i 11- 12 m/s. Både Tjorven og X-faktor hadde over 9 knop på loggen. 
På innsida av Nordre Marholmen, rett før runding, var det tid for å reva. Her trur eg alle 3 kjempa hardt.
Innover Hjeltefjorden vart det først full kryss. Seinare kunne me stikka litt i skjøtet då vinden etterkvart dreia meir sørvestleg. 
På Mangersfjorden minka vinden til 6-7 m/s. Målgang ved Blodflua (Bognestraumen) etter seglas på 30 nm. Snittfart ca. 6,7knop.
Resultatlista finn du her.
Fleire bilder er lagt ut på NHS si FB-side.