Seilkro - Foredrag om Oselvaren og Premieutdeling for Hauststormen



Onsdag 8. mars kl. 19:00 kjem Kjell Magnus Økland til FjordSailing på Litlebergen for å fortelja om Oselvaren. Den tradisjonelle strilabåten er Norges nasjonalbåt og i desember vart bygging og bruk av Oselvaren oppført på UNESCO si liste over gode vernepraksisar i immaterielt kulturvern. Kjell Magnus Økland var den som på oppdrag for Oselvarverkstaden skreiv nominasjonsframlegget til UNESCO.

I oktober gav Kjell Magnus ut boka om Oselvaren. Den tradisjonelle klinkbygde trebåten har vore i bruk i mange hundre år langs den sørvest-landske kyststripa, og båttypen har røter fleire tusen år attende. Oselvar-omgrepet stammar frå Os i Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Ryvarden i sør til Sognefjorden i nord, men ein finn døme på bruk av han langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Oselvaren har i tillegg vore nytta som sportsbåt heilt i frå 18oo-talet, og er i dag mykje nytta som fritidsbåt.

Til skilnad frå mange andre tradisjonsbåtar er Oselvaren ein båt med levande byggje- og brukstradisjon. Du kan tinga deg ein heilt ny båt og det vert arrangert ei rad regattaer med Oselvar-NM som det årlege høgdepunktet. Vidare vert det stadig arrangert kurs i båtbruk og stell av ei rekkje lag og organisasjonar som arbeider aktivt for å vidareføra den handlingsborne kunnskapen om bruken av båten.

Praktboka utgjer den fyrste samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette stoffet har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, både gamle og nye fotografi, tabellar, kart, figurar og teikningar. Boka speglar kyst-, idretts- og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire hundreår, med avstikkarar langs heile Norskekysten, til fjells og til utlandet. Fokuset i boka er òg framover i tid, med praktiske råd til nye båtbrukarar. Sjå meir om boka på www.oselvarbok.no

 

Kjell Magnus Økland (f. 1977) er dagleg leiar for Kystsogevekene og er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Bergen med faga kulturvitskap, historie og mediefag. Han har arbeidd som journalist og historikar. Økland er oppvaksen med kappsegling med Oselvar og har sete i styre og stell kring Oselvaren sidan 1990. Sjå meir om han på www.kjellmag.no