Førstehjelpskurs
I samband med innføring av krav om førstehjelpskurs for offshore-seglas i Kategori 2 oppfordrar Norges seilforbund alle seglforeningar til å arrangere dette kurset. Det er viktig med god kunnskap om førstehjelp, også for alle som seglar utanfor Kategori 2, og NSF oppfordrar derfor alle som seglar til å ta del i kurset. Dette gjeld ikkje berre regattaseglarar og NSF ser gjerne at alle medlemar deltar på kurs.
Nordhordland seilforening arrangerer førstehjelpskurs der Nordhordland Røde Kors er kurshaldar.
Kurset går over ein kveld + ein søndag.
Datoar er sett til tirsdag 24.mars kl. 17.00 - 22.00 og søndag 29. mars kl. 10.00 - 18.00. Kurslokalet er i Nordhordlandshallen i Knarvik.
Kursbevis vert utstedt av Norges seilforbund.
For meir info ta kontakt på leder@nordhordlandseilforening.org eller tlf. 90121617
Siste kommentarer
2 uker 2 dager siden