Leiaren har (r)oret

Vi er komne i slutten av april og seglsesongen nærmar seg.  Det har vore ein lang vinter og den har enno ikkje heilt sleppt taket.

NHS hadde årsmøte 27.januar utan at så mange av medlemane møtte opp i år heller. Ingen endringar i styret i år.
Regattakomitéen hadde sitt første møte i år den 10.03 der det mellom anna vart sett opp terminliste for 2010:

- Jomfruturen 2.mai
- Vårregatta                30.mai
- Champagnereset     12.juni
- Mangersfjorden rundt – med sosial samling 14. og 15.august
- Under 3 broer 12.september
- Høststormeilasen 18. og 19.september
(se også terminlisten)
NHS arrangerer onsdag 26.mai eit rektutteringskurs for regattasegling. Dette vert eit teorikurs der emnene vert seglingsbestemmelsar, startprosedyrar, vikepliktsreglar m.m. Kurset vert halde i forkant av Vårregattaen og vi håper på den måten å få fleire på fjorden for å segla regatta. Kurset vil vera ope både for medlemar og ikkje-medlemar. Vi kjem tilbake med nærare informasjon. Føl med på www.nordhordlanseilforening.org

Vi vil i år også arrangerta jollekurs på Litlebergen for barn i alderen 8 – 12 år slik at dei kan få læra å segla optimistjolle. Jolleansvarleg er Bjørn Flataker.

I år vert det ny vri på Høststormseilasen. Laurdag vert det målgang i Ånnelandssundet og vi går vidare til Skjerjehamn der det vert premieutdeling og middag.  Søndag går starten i Ånnelandssundet og til mål som vanleg på Herdla.
 

I 2008 fekk vi nye NHS-vimplar. Det må vera obligatorisk at NHS båtane har vimpelen under salingshornet. Prisen på vimpelen er kr. 200,-. Ta kontakt.

Det hender eg får informasjon frå Hordaland seilkrets, Norges seilforbund m.fl. som skal vidaresendast til medlemane som har e-postadresse. Eg treng fleire e-postadresser. Når vi no sender ut informasjon pr. post ber eg om at dei som har e-postadresse, og som ikkje mottar info frå meg,  sender adressa til meg på leder@nordhordlandseilforening.org

Send gjerne melding til medlemsregister@nordhordlandseilforening.org slik at vi får oppdatert båtregisteret vårt dersom du har skifta båt. Ta ein kikk på båtregisteret (krev innlogging) vårt på heimesida www.nordhordlandseilforening.org . Her kan du også følgja med på det som skjer i seilforeninga.

På vegne av styret i NHS vil eg vil ønskja alle ein god seglsesong!


Fra FS2 seglar "Under 3 broer" september 2009
Med helsing                                
Nordhordland seilforening              
Harald Matland
Leiar
Tlf. 90121617