Årsmelding frå styret for 2009
Det har i 2009 vorte halde 4 styremøter, eitt i mars, eitt i august,
Cermedez på veg mot Jona søndag under Høststormseilasen 2009.
eitt i september og eitt i oktober.
Aktiviteten i 2009 har vore bra, men vi skulle sjølsagt ønskt at endå fleire
var med på klubbregattaene som startar ved Tjuvholmen og Hagelsundbrua. På Mangersfjorden rundt og Høststormseilasen var det også i 2009 god deltaking. Vi arrangerte førstehjelpskurs i samarbeid med Nordhordland Røde kors. Jollekurset kom dessverre ikkje i gang då det ikkje kom påmeldingar. Her må vi nok kunngjera kurset betre. Vi fekk også ny heimeside.
Frå august 2008 har vi hatt leigeavtale med Litlebergen Båtforening om leige av naustplass og møterom. Dei 4 optimistjollane er lagra i naustet. på Litlebergen. Det er også plast/gummibåten med påhengsmotor som skal brukast i samband med jolletreninga og klubbregattaene. Vi må setja alt inn på koma i gang med jolletrening for barn i 2010.
24. og 29. mars 2009 arrangerte vi førstehjelpskurs i samarbeid med Nordhordland Røde Kors. Det var 13 deltakarar på kurset . Kurset vert arrangert i samband med innføring av krav om førstehjelpskurs for offshore-seglas i Kategori 2 og Norges seilforbund oppfordra alle seglforeningar til å arrangere dette kurset. NHS var først ute med dette kurset i Bergensregionen. Kurset var svært vellykka og vi fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Deltakarane kunne etter gjennomført kurs få kursbevis utstedt av Norges seilforbund.
Antal båtar på klubbregattaene fall frå 2008 til 2009. Det var spesiellt Jomfruturen, Vårregatta, Champagnereset og Under 3 broer som hadde liten deltaking. Her må vi gjera ein innsats for å få fleire med i 2010. Kanskje eit regattakurs hadde fått opp deltakinga?
22. og 23.august vart det arrangert fellestur til Manger. Vi var ikkje så heldige med været på laurdag, men søndag kom sola og det var fine seglforhold. Vi samla oss laurdag ettermiddag og hadde grilling og sosialt samvær laurdag kveld. I alt 9 båtar med eit mannskap på ca 25 var med. Søndag segla vi regattaen Mangersfjorden rundt under fine forhold.
![]() |
| Fra Samling på Manger/Mangersfjorden rundt 2009 |
Starten har gått i ”Mangersfjorden rundt”.
Det var også god deltaking på Høststormseilasen med 34 båtar. Gledeleg at det også i år stillte heile 10 båtar frå NHS. Det som Høststormseilasen 2009 truleg vert huska for i ettertid er nok forliset med kabelferja over Uthaugsundet. 30 personar hamna i sjøen etter at kabelferja gjekk rundt ca. kl. 23.15 då deltakarane var på veg tilbake frå middag og premieutdeling. Dette var dramatisk og vi skal vera lukkelege for at det gjekk bra med alle som var om bord. Sjølve regattaen vart arrangert prikkfritt, og det var fine seglforhold både laurdag og søndag. Premieutdelinga for samanlagtresultatet vart gjort på Hordaland seilkrets si seglarkro 2.desember. Høststormseilasen er med i Hordacupen og er det største arrangementet vi har gjennom sesongen. Her gorde regattakomitéen ein god jobb.
| Fra Høststormseilasen 2009 |
7. desember 2009 gjorde Norges seilforbund vedtak om å innføra ei prøveordning med lisens frå 2010. Vedtaket vart moderert i høve til det framlegget som var ute til høyring. Dette betyr at segling på klubbnivå vert utelate frå lisensordninga. Det er kun regattaer på nasjonalt, regionalt og kretsnivå som vert omfatta. Betaling av lisens vil kunna gjerast via internettløysing og vil ikkje påføra arrangørklubbane meirarbeid med innkreving og hantering av pengar. For vår del vil truleg Høststormseilasen koma inn under ordninga, og deltakande båtar må betala lisens til NSF. Ein-gangs startlisens vert i 2010 kr. 150,-. Heilårs startlisens vert forskjellig ut frå storleik på båt. Båtar frå 7 til 11,99 meter får ein heilårs startlisens på kr. 570,-.
Økonomien i laget er god. Viser her til rekneskap for 2009.
Vi har fått 4 nye medlemer i 2009, men har også hatt avgang på nokre medlemar. NHS har no 102 medlemar, og 35 båtar er registrert i båtregisteret. Styret ønskjer at medlame vert flinkare til å melda frå om endringar i båtregisteret, og også om nye e-postadresser m.m.
Den nye heimesida vår www.nordhordlandseilforening.org fungerer godt og er godt besøkt. Det vart i 2009 lagt ut 18 nyhetsmeldingar.
Styret i Nordhordland seilforening

Siste kommentarer
2 uker 2 dager siden